100 m breitt steinras i Høyanger


Litt før klokka 12.30 onsdag fekk Vest politidistrikt melding om at det har gått eit steinras over Kvernhaugtunnelen.

Raset skal vere rundt 100 meter breitt, og har gått på gamlevegen på nedsida av tunnelen, rett vest for Høyanger.

Fylkesveg 55 skal altså ikkje vere råka.

Vest politidistrikt har ikkje opplysningar som tyder på at personar eller køyretøy har vore i området når raset har gått. 



Kvernhaugtunnelen og Hovdetunnelen på fv 55 var stengd i samband med oppryddingsarbeid.

Sport etter raset er synleg i fjellsida over Høyangsfjorden (over båten).