10 strake sigrar for Høyang


Høyang avslutta sesongen med 2-1 siger over Fjøra 2/SIL3. Joakim Sjøthun Måren stod bak begge måla til heimelaget. Det andre målet kom på overtid og han satte med det eit perfekt punktum for ein strålande sesong for IL Høyang.

Då laga entra kunstgrasbana i Høyanger til Champions League-hymnen var ramma satt.

Å vere i flytsona er det beste som kan skje ein fotballtrenar. Etter ni strake sigrar bytta Leif Arne Tveit ut omlag halve laget for at dei yngre skulle få spele frå start mot Fjøra2/Sogndal 3.

Det var eit sterkt lag som kom utover frå Sogndal. Mange av spelarane hadde spelt for Sogndal 2 i år, og målsetjinga om å tukte seriemeistaren på deira eiga bane var der.

Les meir om kampen i Ytre Sogn