1.mai-feiringa i Høyanger er avlyst


For første gong på meir enn 100 år vil ikkje 1.mai bli markert med demonstrasjonstog og påfølgjande talar i Høyanger.


- Det er mest av alt trasig. Men slik situasjonen er no, har vi ikkje anna val enn å avlyse. Det er alle i styret einige om, seier leiar Lars Kjetil Skeie i LO i Ytre Sogn.


Det trur han også folk i Høyanger har forståing for. Han tykkjer likevel at det er trist å måtte gå til det steg å avlyse. I industristaden har 1.mai vore ein like viktig dag å feire som som nasjonaldagen 17.mai, og den går langt tilbake i tid. Med unntak av krigsåra 1940-45 har 1.mai, som er arbeidarane sin dag, vore markert i Høyanger sidan 1916.


- Det er i alle høve første gong det er nemnt i boka «Bluss». Men det var utan demonstrasjonstog. Det kom først i 1917, altså for 103 år sidan, påpeikar han.


Han kan fortelje at programmet for årets 1.mai-feiring har vore klart ei god stund. Are Tomasgard, rådgjevar i LO og tidlegare rettleiar i IndustriEnergi skulle vere hovdtalar, og Henny Asperanden Navarsete, tillitsvald i Norsk Tjenestemannslag, appellant.


- Vi var nøgde med å få begge to til Høyanger på denne dagen, og såg fram til å høyre dei. Slik vart det altså ikkje. Men i alle fall Navarsete har gitt beskjed om at ho no har sett av 1.mai neste år til oss, seier Skeie.


- Har alternativ feiring vore diskutert?


- Nei, det har vi slått i frå oss, med dei tiltaka som no er sett i verk på grunn av koronakrisa, i alle høve på sjølve dagen. Men vi har diskutert om vi ikkje skal få til noko til hausten i staden, svarar han.