Nytt album frå Verdsmannen


Verdsmannen Thorbjørnsen sin nyaste singel «1000 watt» har fått mykje merksemd, mellom anna gjennom speling på NRK P1. – Tilbakemeldingane så langt har vore over alle forventningar, seier Ketil Thorbjørnsen til Ytre Sogn.

Albumet som kjem 21. oktober blir det tredje i rekka frå Thorbjørnsen si side, og har fått namnet «Elden inni». Tittelen signaliserer at han denne gongen vil vise fram ei litt meir personleg side gjennom tekstane og musikken sin.

Litt rolegare

– Songane er litt rolegare denne gongen, men bodskapen er først og fremst at folk må tore å satse på det dei trur på, og ikkje vere redde for å gi gass, seier Ketil Thorbjørnsen til Ytre Sogn. Han er frå Høyanger, men bur i Årdal, og som artist profilerer han seg som «Verdsmannen Thorbjørnsen». I 2017 fekk han mykje merksemd for songen «Svik», som hadde ein svært tydeleg politisk bodskap i flyktningdebatten. – Har du lagt vekk det politiske fokuset denne gongen?

– Nei, det ligg gjerne ein politisk bodskap i botnen framleis, men eg framstår ikkje like sint denne gongen. Jamt over så viser songane på albumet som kjem ei meir personleg side enn tidlegare, seier Thorbjørnsen.

Les meir i Ytre Sogn fredag